Om eksamen
Kvar elev blir trekt ut til munnleg eksamen i eitt fag.
Det er kommunen som har ansvar for å lage og organisere gjennomføring av munnleg eksamen.
Kommunen følgjer rutinen til Sogn regionråd for gjennomføring.
UDIR har òg utarbeida reglar for gjennomføring.
Munnleg-praktisk eksamen
Munnleg-praktisk eksamen er ein ny eksamensmodell, som blei innført i høve den nye læreplanen Kunnskapsløftet. Den handlar i stor grad om at elevane skal gjennomføre ei praktisk oppgåve til eksamen. Det er foreløpig mogleg å bli trekt ut til munnleg-praktisk eksamen i føljande fag: Matematikk, naturfag og arbeidslivsfag. Det praktiske innslaget kan til dømes vere noko eleven utfører eller demonstrerer. Det kan bygge på noko eleven har laga eller samla i løpet av opplæringa og må tilpassast tidsramma for eksamen.
Les meir om munnleg-praktisk eksamen her.
Forskrift til opplæringslova
I forskrift til opplæringslova kan du lese om krava til munnleg eksamen.