Då kvelden kom, møttest me klokka 19 ved leirplassen vår (som var i passeleg avstand frå skulen, slik at me fekk bruke vanleg toalett). Me hadde leirbål, og brukte kvelden på grilling og “snikeleikar”, noko som er veldig kjekt når det er mørkt!

Då tida for legging kom, vart det nok ikkje stilt veldig fort, for me høyrde både skrik og latter i dei seine kveldstimane. Likevel trur me alle fekk sove etter kvart (om enn ikkje like godt som ein søv i senga heime). 

På morgonen tende me bål att, slik at me fekk grilla ostesmørbrød og koke vatn til frukosten. Etter at leiren var pakka saman, var me klare for “vanleg” skule att. Denne skuledagen bestod heldigvis av symjing, “Blime-dans” og kunst og handverk, så ikkje mange høve til å sovne på pulten. 

Takk for ein flott tur! Elevane er flinke til å passe på kvarandre, og me ser at slike opplevingar er samlande for heile gjengen.