Ei lita julehelsing frå oss på Kvåle skule
Fredag 20.desember kl. 11.45 er siste dag før jul. Skulebussane går kl. 12.05.
Kjære elevar og føresette
Juletida nærmar seg og eg ynskjer å sende ei helsing frå Kvåle skule til dykk alle. Me har på skulen vår 400 elevar med ulike eigenskapar, interesser, føresetnader og behov som bidreg til å gjere skulen vår til ein kjekk og triveleg stad å læra. Det å få vera rektor for alle desse kjekke elevane og leiar for dei 70 flotte tilsette på skulen, gjer til at eg gler meg til å gå på jobb kvar einaste dag.
Klasseromma er no pynta med lys og ulike produkt elevane har laga, for å skape ei god og triveleg tid før me tek ferie. Siste veka skal me ha ulike sosiale aktivitetar som julegraut, juleverkstad og andre sosiale tiltak for å byggje eit godt klasse - og skulemiljø.
Jul er ei tid for å setje pris på det som er viktig i livet – familie, vener og fellesskap. Det minner oss på verdien av å ta vare på kvarandre og vise omtanke i både små og store handlingar. Samtidig veit me at jula kan vere krevjande for nokon, og at fleire av våre elevar ikkje feirar jul. Dette gjer det ekstra viktig å ta vare på kvarandre og sørgje for at alle kjenner seg inkludert og ivaretatt.
Eg vil takke for det gode samarbeidet mellom skule og heim, og ikkje minst for det engasjementet elevane våre viser kvar dag, både fagleg, sosialt og for kvarandre.
På vegne av alle oss på Kvåle skule ynskjer eg dykk ei god jul og eit riktig godt nytt år.
Mvh Tone