Kaupanger skule       
Landpostruta
6854 Kaupanger

Tlf: 57628900
Fax: 57628901

Kontaktskjema
RSS

Skulekalendaren

01.02.12
Søknadsfrist særskilt
20.02.12 - 26.02.12
Vinterferie
01.03.12
Søknadsfrist

Søk på nettet

Nytt frå skule og SFO

Informasjonsmøte 9. og 10 klasse

Det vert informasjonsmøte for foreldra til dei med elevar i 9. og 10. klasse tysdag 31.01. kl. 18.00 på Sogndal Vidaregåande Skule - Trollsalen i nyebygget.
Les meir »   24.01.12 kl. 09:57

Nasjonale prøvar

Etter 4 år og 27 nasjonale prøvar i 5.,8. og 9.klasse kan ein byrja å sjå på kvaliteten i opplæringa på kvar enkelt skule/kommune.Eitt resultat seier ikkje mykje om kvaliteten i opplæringa.Me må sjå resultata over tid.
Les meir »   05.01.12 kl. 10:26

Irene fekk gullklokke

Irene Røysum fekk torsdag kveld overrekt gullklokka av ordførar og rådmann for 25 år trufast teneste i Sogndal kommune.Dei fleste åra har Irene arbeidd ved Kaupanger skule. Me gratulerer!
16.12.11 kl. 14:01

Juleball 2011

Juleball 2011

Torsdag 15.12 var dagen for juleball på Kaupanger Skule.
Les meir »   16.12.11 kl. 11:04

Kari-Lise

Vår kjære Kari-Lise går over i pensjonistane sine rekkjer frå nyttår.Me takkar ho for vel utført arbeid, og ønskjer Ida Johanne Ulvik velkommen som nytilsett lærar.Frode Saue vil overta rådgjevararbeidet ut skuleåret. Rektor.
16.12.11 kl. 08:20

RSS

Velkommen til Kaupanger skule

Kaupanger skule
Kaupanger skule er ein 1 - 10-skule med omlag 216 elevar. I alt 35 vaksne arbeider på skulen og i skulefritidsordninga, av desse 26 pedagogar.

Skulen ligg i Kaupanger, ei bygd med omlag 1700 innbyggjarar, omlag ei mil  frå Sogndal, som er kommunesenteret.

Kaupanger skule, "skulen i skogen" ligg fint til i furuskogen på Kaupanger. Skulen er bygd i fleire trinn: Me har "Gamleskulen" med gymnastikkbygget, hovudbygningen som inneheld kontor, lærarrom, arbeidsrom for lærarane, bibliotek, formingsavdeling, skulekjøken og klasserom. I tillegg har me ein klasseromsbygning som også innheld naturfagrom og musikkrom.

Skogen rundt skulen pregar uteaktivitetane til elevane; mellom anna er hyttebygging i trea ein populær aktivitet. Naturen, inkludert Kaupangerelva, vert også brukt aktivt som læringsarena på alle klassesteg. Skulen har lagt til rette for friluftsliv/fysisk fostring gjennom kjøp av utstyr: kanoar, lavvoar, stormkjøken, telt, kart m.m.